
OM SKULEN
Velkomen til Myking Friskule
Skulen vår ligg vakkert til i naturskjønne omgjevnader, der borna får høve til å lære både innandørs og utandørs. Med små klassar og dedikerte lærarar sikrar me personleg oppfølging av kvar enkelt elev.
Læring, trivsel og meistring
Ved Myking friskule brenn me for å skapa ein skulekvardag der kvart enkelt barn får utnytta sitt potensial i eit trygt og inkluderande miljø. Vårt hovudmål er å leggja til rette for god læring og høg trivsel, slik at elevane våre kjenner seg både sett og utfordra kvar einaste dag.
Vårt verdigrunnlag – ein skule for alle
Skulen vår bygger på eit kristent verdisyn og ønskjer å halda i hevd vår felles kristne kulturarv. Me vidarefører den tradisjonelle kristendomsundervisninga, men understrekar samstundes at Myking friskule er ein skule med opne dører. Me har stor respekt for at familiar er ulike, og du treng ikkje vera personleg kristen for å vera ein del av fellesskapet vårt. Me trur at born blomstrar best når dei får utfalde seg i trygge rammer der respekt for kvarandre står i sentrum.
Ein praktisk skule med naturen som klasserom
Me er overtydde om at læring vert betre når hovud og hender samarbeider. Derfor satsar me på ein aktiv og praktisk skulekvardag der me ofte flyttar undervisninga ut i skogen og marka. Naturen er ein unik læringsarena som inviterer til utforsking og meistring. I tillegg ønskjer me å inspirera til skaparkraft og gründerånd. Gjennom eigne prosjekt og tett samarbeid med lokalt næringsliv lærer elevane å skapa noko sjølv. Eit viktig symbol på denne praktiske tilnærminga er den elevstyrte «Matstova», ein stolt tradisjon som har vore driven av elevar i 30 år.
Tryggleik og fokus i kvardagen
For at alle skal ha det bra, satsar me på tydelege rammer som fremjar trivsel og inkludering. Me legg stor vekt på god oppførsel, fint språk og gjensidig respekt. For å sikra ro og sosialt samvær er skulen vår ei mobilfri sone, der mobilar og smartklokker vert lagde bort i skuletida. Uteaktivitet er ein viktig del av kvardagen vår, og me er ute i friminutta uansett vêr for å leika og inkludera kvarandre. Ved Myking friskule har me nulltoleranse for mobbing, vald og krenkande åtferd – her skal alle kjenna seg trygge og velkomne.
PRAKTISK INFORMASJON OM SKULEN
Skulekvardagen og lekser
Me ønskjer at elevane skal gjere seg ferdige med arbeidet medan dei er på skulen. Difor er me ein leksefri skule, men med eit viktig unntak for lesing. Alle born treng mengdetrening for å bli trygge lesarar, og dette er noko me ønskjer at de følgjer opp heime. For elevane i 7. klasse vil det vere noko lekser. Dette gjer me for å førebu dei på det sjølvstendige arbeidet som ventar i vidare skulegang.
Skuledagen startar kl. 08:30 og varer fram til kl. 13:30 kvar dag. Me tek atterhald om mindre justeringar dersom det er nødvendig for å få skuleskyssen til å gå opp praktisk.
Økonomi og moderasjon
Kostnaden for ein skuleplass er sett til 900 kr per månad i 11 månader. Me tilbyr søskenmoderasjon frå 2. bornet og moderasjonen stig med 25% for kvart born ein familie har ved skulen. Dersom skulen seinare vel å innføre felles skulemåltid, vil kostnader for mat kome i tillegg til månadsprisen.
Søknad og opptak
Den faste søknadsfristen er 5. januar kvart år. For skuleåret 2026 er fristen sett til 1. mars. Me svarar på søknaden innan fire veker etter fristen, og de har då 14 dagar på dykk til å takke ja til plassen. Sjølv om fristen er passert, har me løpande inntak fram til 30. september dersom me har ledige plassar.
Skulen er open for alle, men ved fullteikning prioriterer me først born frå Myking skulekrins, etterfylgt av søsken til elevar, born av tilsette og elevar som skal starte i 1. klasse.
SFO for 1.–4. klasse
SFO er open etter skuletid og fram til kl. 15.30. Behov ut over dette kan løysast i dialog med skulen.
Skuleskyss
Same reglar som ved offentlege skular gjeld innanfor heimkommunen til eleven. Bussen stoppar rett utanfor skuleporten. Her blir dei motteken av ein vaksenperson ved ankomst skulestart og ved heimreise etter skuleslutt.
Målføre ved Myking friskule
Ved skulen vår satsar vi på nynorsk som målføre. Det betyr at undervisning, planar og informasjon som hovudregel vert gjeven på nynorsk. Vi ønskjer å skapa eit miljø der elevane blir trygge i bruken av nynorsken som ein naturleg del av kvardagen. Sjølv om vi er ein nynorskskule, er vi opptekne av at alle elevar skal ha dei beste føresetnadene for meistring og læreglede. Det kan nokre tilfelle vere hensiktsmessig å byte frå nynorsk til bokmål. Dette kan gjerast etter søknad frå føresette.
Fråvær og permisjon
Det er forskrift til privatskulelova § 3-40 som regulerar føring av fråvær ved skulen.
Helsesøster
Kontaktinformasjon til helsesøster: Ragnhild Vesteraas
E-post: ragnhild.vesteraas@alver.kommune.no
Tlf: 40910908
Kjernen vår
01
Vårt Mål
Å gje kvart born ein trygg, stimulerande og lærerik skulekvardag som legg grunnlaget for livslang læring og personleg utvikling.
02
Vår Visjon
Å vere ein leiande friskule som inspirerer born til å bli nysgjerrige, kreative og ansvarlege samfunnsborgarar.
03
Våre Verdiar
Respekt for kvarandre, nysgjerrighet, tilpassa læring, ivaretaking av kristen kulturarv og stimulering til godt sosialt samhald er kjerneverdiar me ønskjer å etterleve på Myking friskule.
KVIFOR VELJE OSS