Historie

Ein skule for framtida

Myking friskule si historie

Myking friskule vart oppretta i 2026 etter at Myking skule vart nedlagt som følge av endringar i Alver kommune sin skulestruktur. Myking friskule ønskjer å vera eit godt alternativ for dei som vil ha ein skule med mindre klassar, tett vaksenkontakt og ein kvardag tufta på gode verdiar. Skulen har som mål å fokusere på meir praktisk undervisning og bruk av naturen i elevane si opplæring.

01

Tidlegar offentleg skule

Det har vore skule på Myking sidan 1700-talet. Myking skule vart drifta av Alver kommune fram til sumaren 2025.

02

Bevar Myking skule

Våren 2024 la Alver kommune ut resultater frå Norconsult sin skulebruksplan på høyring. Arbeidsgruppa "Bevar Myking skule" vart oppretta som ei arbeidsgruppe som ville arbeide for å bevare den offentlege skulen me hadde på Myking. Trass i stor innsats frå gruppa for å belyse dei ulike elementa i rapporten vedtok Alver kommune å inkludere nedlegging av Myking skule som eit tiltak for å spare økonomiske midler. Arbeidsgruppa nådde heller ikkje fram med sine argumenter for kommunen i denne høyringsrunden og skulen vart vedteke nedlagt.

03

Nedlegging av Myking skule

Arbeidsgruppa "Bevar Myking skule" søkte i god tid om utsettjing av vedtaket for nedleggjing, slik at arbeidet med etablering av Myking friskule kunne gå saumlaust for borna og hindra unødig flytting av borna til ny nærskule. Arbeidsgruppa fekk avslag på søknaden. Myking friskule vart registrert i 2025 og formelt godkjent av UDIR vinteren 2026.

04

Etablering av Myking friskule

Etter langt tids arbeid kunne interimstyret i Myking friskule offentleggjere vinteren 2026 at privatskulen formelt sett var godkjent. Arbeidet med å overta skulebygget, innsøking av elevar og ansettelse av lærarstab kunne då starta.

05

Oppstart Myking friskule hausten 2026

Hausten 2026 opnar Myking friskule dørene for spente elever, foreldre og lærarar. Me er ei heil bygd som gler oss til dette!

MYKING FRISKULE

Ein kristen privat barneskule med fokus på kvalitet, godt sosialt miljø og ei praktisk tilnærming i opplæringa.

KONTAKT

Skauvegen 3, 5957 Myking

Rektor: Malene Fimland Valdersnes: 95001169

Styreleiar: Helge Fimland: 90138274

post@mykingfriskule.no

OPNINGSTIDER

Måndag – Fredag

08:00 – 16:00

SFO: Open etter skuletid, fram til kl. 15.30

© 2026 Myking Friskule

ALLE RETTAR RESERVERTE